Når dr. Tore  Eikeland går inn i pensjonistane sine rekkjer neste sommar, står Fitjar overfor ein ny legesituasjon. Mange har då snakka om helsesenter i sentrum. Vidar og Odd Sverre Larsen i Larsen Eigedom har både lokale og visjonar i tilknyting til dette. Foto: Håkon C. Hartvedt

– På grunn av ledige lokale kan me i Larsen Eigedom AS på kort tid laga til ei løysing for Fitjar kommune med samlokalisering av primærhelsetilbodet til svært gunstige leige- og driftsvilkår. Slik vil fitjarbuen ha tilgang til «trygge, forutsigbare og framtidsretta helsetenester, uansett korleis det går med kommunereformen», seier Odd Sverre Larsen, og fortset:

– Me har ved tidlegare høve teke store løft for å utvikle eigedomen vår i sentrum til det beste for bygdefolk, sentrumsutviklinga, våre felles gjestar – og sjølvsagt òg for oss sjølve. Eit helsesenter i bygget vårt vi gje oss og andre som har sine interesser i Fitjar sentrum, mogelegheit til å vidareføre dette arbeidet.

Kai Roger Melkevik har laga ein video der han synleggjer visjonen til Larsen Eigedom. Videoen kan du sjå ved å klikke her.