Biskop Ole D. Hagesæther er på plass, og har allereie starta visitasen.

-Kl. 10 i dag møtte biskopen medarbeidarane i kyrkjelyden. Me starta med morgonbøn, og hadde etterpå stabsmøte i kyrkjestova. Deretter hadde me lunsj på Cafe Annemor, der me fekk gode smørbrød – men ikkje komle eller Tempura, som er Nobu sine favorittar, fortel kyrkjeverje og dagleg leiar Harald Johan Sandvik, litt spøkjefullt, til fitjarposten.no

-Biskopen helste på folk han møtte, og gjestene på kafeen gløymer nok ikkje det kafe- besøket på lenge, legg han til.

I kveld er det møte mellom sokneråd og representantar frå dei ulike bedehusa i Fitjar, før det vert aftansong i kyrkja kl. 21.00.