Elevane fekk ei mp3-hue som takk for innsatsen. Foto: privat

Fredag førre veke var det avduking av nye MOT-stolar på Rimbareid skule.

Skrive av Mari Fitjar Hjelle

Dette er gamle stolar som elevane på valfaget design og re-design har måla og gitt eit nytt design. Det er 16 elevar i dette faget, og alle har måla ein stol kvar.

Stolane er måla med MOT sin logo eller ord og utrykk som skal styrka elevane i skuledagane. På fredag var det fyrste gong elevane viste fram dei nymåla stolane til dei andre lærarane og elevane.

Avdukinga føregjekk på fredag i storfriminuttet. Då samlast elevane på ungdomskulen i amfiet for å få med seg den høgtidelege avdukinga. Det vart servert vaflar.

Det var MOT-coachane som kom opp med ideen. På lang sikt ynskjer dei å ha nok stolar til at dei kan brukast i MOT-øktene på skulen, men sidan det ikkje er nok skal dei plasserast rundt på skulen.

– Stolane skal i fyrste omgang bli satt rundt omkring på skulen slik at elevar på dagleg basis skal bli minna på verdiane til MOT, fortel elevane.