Bjørg Strømme syr munnbind. Foto: Ingrid Hovstad

Bjørg Strømme har tatt symaskinen fatt og syr munnbind for sal i desse koronatider, men deler gjerne oppskrifta om du heller vil sy eit sjølv.

– Det er veldig enkelt å sy seg eit sjølv. Forarbeidet tek nok lengre tid enn sjølve syinga, småler Strømme, medan ho gjer klar symaskina.

Me møter ho på Larsen, der ho i dag sit og syr fargerike munnbind av 100 prosent bomullsstoff.

– Det er viktig at det er 100 prosent bomull, men du treng ikkje kjøpa nytt stoff. Eit gamalt putetrekk fungerer fint, so lenge det ikkje er for tynnslitt. Elles må ein ha litt strikk, og det er greitt med strykejern for å få faldane skikkeleg.

– Dette kan alle få til, so det er berre å leita fram symaskina, fortel Strømme.

Ho sit på Larsen til kl.16 i dag og viser korleis ein syr munnbind. Til dei som ikkje vil sy sjølv tilbyr ho ferdigsydde til ein liten sum.

Munnbinda kjem i mange fargar og mønster. Foto: Ingrid Hovstad

Gjekk mange i vår

Bjørg Strømme starta å sy munnbind i vår når koronakrisa braut ut.

– Eg sydde til venar og familie, men selte ogso ein del gjennom Facebook. Eg sydde eit i eit flott stoff med ein hane på mønsteret som eg gav til ordførar Harald Rydland. Det var han som spurte meg om eg ikkje skulle sitja på Larsen for å sy og selja munnbind ein dag. Kjøpmann Odd Sverre Larsen var heilt med på ideen, og her er eg, fortel Strømme.