Vipa ser unekteleg litt bekymra ut der ho sit og hutrar i sødausten på Tislavoll i går. Foto: Kjetil Rydland.

I det siste har me kunna gle oss over at vipo er komen tilbake, etter fleire observasjonar rundt om i bygda.

Det er ikkje på grunn av tidspunktet me finn grunn til å nemna dette gledelege synet. Ho har blitt observert fleire gonger dei siste to-tre vekene, og i fjor blei ho sett på Prestbø 13.  januar.

Men vipa er ein fugleart som ikkje har det så greitt. Ho er i den norske raudlista frå 2015 kategorisert som sterkt truga. Bestanden har blitt redusert med 50–80 % dei siste ti-tolv åra.

Derfor synest me gårsdagens vipeobservasjon vestpå Minde på Tislavoll er verd nokre ord. Den viser at det framleis er håp for den kjære sommargjesten vår. Dei siste to-tre vekene har enkelte viper blitt observerte på Rydland, og heilt nord i Rydlandsskogen, ved Hjarthammarsbekkjen, har ein liten flokk viper svinsa rundt og skrike «piivitt» – eller noko slikt.

I dette området plar vipa hekka kvart år – med vekslande hell. Me får berre ønskja årets viper lukke til, og vonar dei klarer å ala fram ein ny generasjon.

Meir om situasjonen for vipa i Fitjar og Hordaland kan du lesa i rapporten Vern vipa i Hordaland, frå Norsk Ornitologisk Forening, avdeling Hordaland. Dette er eit prosjekt som blei starta opp i 2015 med initiativ fra Miljøavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland. Formålet er kartleggja lokaliteter i fylket og registrera talet på viper og ungeproduksjon.

To forfrosne viper førebur årets sesong på Tislavoll. Foto: Kjetil Rydland.