Her har vipa lagt fire nye egg. Foto: Kjetil Rydland.

I skogkanten på Rydland har vipa lagt fire nye egg i reiret, etter at ho fekk klekka fram ein vipekylling for tre veker sidan.

Skjebnen til den einslege vipeungen er ikkje kjend. Kanskje har han greidd seg, men mest truleg har han stroke med av «lambadrepa» rundt 17. mai. Den vesle vipeungen ville aldri la seg fotografera, men blei observert fleire gonger av pålitelege folk. Og tre viper gjorde sitt yttarste for å skremma vekk alle som kom for nær.

Om første runde blei heilt mislykka, veit me ikkje, men faktum er at no har vipene i skogkanten på Rydland fire egg å passa på. Rugetida for vipeegg er 26–29 døger, og 35–40 dagar gamle er ungane flyvedyktige. Dermed er kanskje ikkje dei nye vipekylingane – om klekkinga lykkast – på vengjene før i månadsskiftet juli/august.

Vonleg vil dei vera klare til vipene trekkjer sørover for å overvintra. Vipetrekket finn stad i perioden juli–november, og dei fleste vipene overvintrar i Strobritannia, Spania og Portugal. I milde vintrar hender det at viper overvintrar i Rogaland eller Agder. Vipa er fylkesfugl i Rogaland.

Vipa er ei sterkt truga fugleart og står på IUCNs raudliste (Verdens naturvernunions raudliste for truga artar). På Facebook-gruppa Vern vipa i Hordaland kan du lesa meir om korleis det går med vipa i vårt distrikt.

Vipa gjer det ho kan for å forsvara reiret sitt. Foto: Kjetil Rydland.

Vipa har vore ein vanleg fugl på våre kantar i alle år, men bestanden har gått ned hos oss til liks med dei fleste andre stader. Ei sterkt medverkande årsak er moderniseringa av landbruket.

Men i dag var ho altså heldig og kom ut for oppmerksame grøftegravarar som viste omsyn. Vonleg er dei nye kyllingane snart utklekte og på vengjene.