Fire vipeegg som er knapt ei veke gamle. Foto: Kjetil Rydland.

Vipa på Rydland er i full gang med hekking; to par har bygd reir sør i skogkanten, der der det har vore hekking dei siste åra.

Sør mot skogen ligg det bakke som ikkje har vore i bruk på mange år fordi grøftene gjekk tette, og dette har vore ein populær hekkeplass. Her hadde vipa laga seg reir og lagt egg i år òg, i den tru at det var trygt.

Men i år planlegg Lars Rydland å reinska opp veitene, slik at den unge generasjonen bønder kan ta bakken i bruk att. I dag har me gått i forbøn for dei arme vipene, og vonleg vil han spara reira.

Men me må nok merkja reira skikkeleg, så dei ikkje blir gravemaskinen sitt rov. Pinnemerking ein meter frå sjølve reiret, skal ikkje sjenera hekkande vipe, står det å lesa på Facebook-gruppa Vern vipa i Hordaland.

Vonleg vil området rundt reiret få vera i fred til vipekyllingane er klekte og ute av reiret. Truleg vil det skje i løpet av nokre få veker. Ifølgje Wikipedia rugar vipa på egga i om lag ein månad, og når ungane er fem veker gamle, kan dei fly.

Vipa har vore ein vanleg fugl på våre kantar i alle år, men bestanden har gått ned hos oss til liks med dei fleste andre stader. Ei sterkt medverkande årsak er moderniseringa av landbruket.

No får me vona at dei to vipepara lukkast med klekkinga, og får kyllingane sine på vengjene i byrjinga av juli.

Her har vipa hatt gode forhold for hekking dei siste åra. Foto: Kjetil Rydland.