I natt er det slutt på sommartida, og me skal stilla klokka attende ein time.

Heilt formelt er det klokka 03.00 søndag 31. oktober at klokka skal stillast. Som alltid skal ein skru klokka mot sommaren, og det betyr at klokka 03.00 skal den stillast attende til 02.00, og natta vert med det ein time lengre. Frå no av vert det ei lita stund litt lysare morgonar, medan det vert tidlegare mørkt om kvelden.  Klokka skal alltid stillast til vintertid siste søndag i oktober, og såleis er 31. oktober den seinaste datoen dette kan skje.

Det er vintertid som er den «normale» tida, og det var i 1916 at ein for første gong stilte klokka til sommartid. Dette vart gjort først og fremst for å spara energi ved å minka behovet for ekstra belysning.

Nær ekvator har dei ikkje behov for å endre klokka, og på den sørlege halvkule har dei sommartid om vinteren og motsett.   Sommartida i Noreg varer i 31 veker. Meir informasjon om sommar- og vintertid kan du mellom anna finna her.

anabolic steroids pill