”Dè è kje møje så ska te”…. vert det sagt i eit reklameinnslag… og slik er det med snøfall òg. Då snøen byrja å dala ned på søndag, ja, då varte det ikkje lenge før ungane i Fiskaneset i Dåfjorden sleppte alt som hadde med TV og dataspel for å maska ute i det kalde element. Og dei vart fleire og fleire jo lenger ut på ettermiddag og kveld det vart.
Det var einkvan ute og skulle strø for bilane – men det fekk dei eit beint NEI om å la vere, for akebakken måtte bestå. Etterkvart måtte nok akebakken allikevel verte til ”grusbakke”, og ungane let ikkje særleg vel, nei! Men så …. Jommen kom det ikkje meire snø – jau, det lava ned, og etterkvart vart akebakken eit faktum, og ungane var på pletten att i pur glede og iver – lekser fekk vere lekser, ein må jo nytte den vesle tida snøen er… ikkje sant?! Utstyrde med hovudlykter går det fint å vere ute kveldstid og aka