– Fredag den 10. februar tok Fjellheim Friluftsbarnehage med seg dei 15 eldste barna i alderen 4-6 år på «Vinterleikar» på Lundarstøl på Stord, fortel styrar Anne Karin Nilsen til fitjarposten.no.

Nilsen fortel vidare at dei hadde med seg gapahukar, pølser, lomper, varm drikke og godt med ved. Ungane hadde med seg ski og akebrett.

– Dette vart ein dag full av latter og moro. Kjekt å aka i full fart nedover dei fine bakkane på Lundarstøl. Maten på bålet smaka ekstra godt medan barna sat lunt inne i gapahukane. Ein herleg dag i snø og sol, smiler styraren til slutt.