
Fitjar Kraftlag Cup 2021 nærmar seg med stormskritt, men det er enno tid til å melda på fleire lag.
Det er Agnar Aarskog i fotballgruppa i Fitjar Idrttslag som skriv dette i ei presssemelding.
Siste laurdagen i november vil Fitjar Idrettslag avvikla årets vintercup i fotball, den 30. i rekkja. Den kjende vintercupen blei starta opp i 1992, og har blitt avvikla kvart år sidan, bortsett frå i fjor.
Etter eit opphald i koronaåret 2020 vil fotballgruppa skipa til Fitjar Kraftlag Cup igjen i år. Arrangementet startar laurdag 27. november kl 09.30.
Det vert tradisjonell bygdacup med spanande fotball, kiosk/kafe og speakerteneste heile dagen. Og det blir premiering til vinnarar av herre- og dameklasse, skriv Agnar Aarskog.
Det er per i dag påmeldt sju herrelag og fire damelag, og det betyr at det er plass til og ynskjeleg med fleire påmeldingar. Agnar Aarskog oppmodar dei som kan tenkja seg å få til lag, om å ta kontakt med Helge Træet for påmelding på SMS 908 69 203. Frist for bindande påmelding er 19. november.
Etter cupen blir det som vanleg bankett og årsfest for A-laget på Fitjar Fjordhotell. Etter middag og premieutdeling vil Tom Wagtskjold spela opp til dans.