Denne helga er det klart for Fitjar Kraftlag Cup, og fredag 7. november er det på dagen 22 år sidan dei første kampane i den første vintercupen i Fitjar.

Me har snakka med fleire lokale fotballveteranar og sett litt på kva Bladet «Sunnhordland» skriv om den første vintercupen i Fitjar, som blei avvikla dei tre første laurdagane i november 1992.

Førehandsomtalen stod på trykk i «Sunnhordland» 23. oktober 1992, og har tittelen Bygdalag i «fotball-krangel». Her kan me blant anna lesa at «Cupen har blese nytt liv i Stratos (Stranda og Osterneset). Laget spela i si tid seriefotball. No går det inn saman med Fitjarstølane, Bakkjen, Havn, Sentrum, Vestbøstad, Storavatnet og Kalveid/Skålevik for å kjempa om medaljane i denne første vinterlege cupen på Fitjar.»

Etter to laurdagar med vintercupkampar på grusbanen på Fitjar, gjekk det rykte om mange skadar, og fredag 20. november skriv Atle Hansen i Sunhordland:

«Ikkje sidan Håkon den gode kjempa for livet i fjøra på Fitjar i 961, har det gått så hardt for seg der i bygda, som no når fotballaget har starta vintercup. No er det ikkje fiendepiler med mothakar som susar kring øyro på dei stridande, men lærkuler og motspelarane sine velretta spark i lår og legger.»

Vintercupen blir omtalt som eit «Organisert bygdeslagsmål», ifølgje «Sunnhordland» av dåverande leiar i fotballgruppa, Anders Røyrøy. Seks mann skal ha blitt skadde, og «sett ut av spel før vinteren for vel er komen». Me har ikkje fått kontakt med alle dei skadde frå den gongen, og kan ikkje stadfesta om alle opplysningane i artikkelen stemmer.

Men Roald Magne Nilsen vedgår at det var han som beit seg i tunga. I eit eksklusivt intervju med Fitjarposten fortel han om den stygge hendinga. Han var på veg ned frå ei klarerande heading då han kolliderte med lagkamerat Asbjørn Vik, som var på veg opp. Roald gløymde å halda kjeften igjen, og angra bittert på det etter møtet med lagkameraten. Roald fekk ikkje frispark, og etter kampen gjekk han bort til «Sjød’n». Der møtte han på kjensfolk som straks slo fast at han måtte til dokter. Så vart Roald send til Tore Eikeland, der han måtte sy sju sting i tunga. Det gjorde visst skrekkeleg vondt, men me som kjenner Roald veit at han kom har kome over denne skaden for lengst.

Finalen i den aller første vintercupen i Fitjar gjekk av stabelen laurdag 21. november 1992. Her vann Vestbøstad 4-1 over Kalveid/Skålevik, etter tre mål av ein 29 år gamal Ketil Fykse.

I notisen til Bladet Sunnhordland heiter det: «Dette var ein god fotballkamp, milevis frå den harselerande reportasjen i Sunnhordland fredag, seier Håkon Hartvedt i arrangørgruppa.»

I morgon kveld er det trekning i i vintercupen på Fitjar Fjordhotell, kan me lesa på Facebook-sida til Fitjar Kraftlag Cup. Dette plar vera ei minneverdig framsyning som er vel verd å få med seg.

Ingressbilete: Glade veteranar på fotballbanen, Geir Tore Søreide og Roald Magne Nilsen.