Den etterkvart så tradisjonsrike Vintercupen går av stabelen 30.-31. oktober og markerer også slutten av sesongen for fotballen !

Vintercupen har røter tilbake til 1991 og blir arrangert for 18 året. Det er ein rein krinscup der alle spelarar må ha ein eller annan form for familiær tilknytning til krinsen dei spelar for.

I år er det 13 lag med…8 Herrelag og 5 damelag. Herrane spelar 7-ar-fotball og Damene speler 5-ar-fotball.

Det er knytta stor spenning til årets turnering der Vestbøstad som vanleg har favorittstempelet i både Dame og Herreklassen, men ein veit aldri…Stratos har alltid på herresida sterke lag, og me minner også om Fitjarstølane som overraska med 2 plass i fjor. I dameklassen skal ein sjå opp for Dåfjorden som er ein outsider samt Bakken/Havn som har eit godt lag på papiret, men som ofte endar opp med 3.plassen.

Det einaste som er sikkert er at det blir tette og spennande kamper med høg temperatur og at det sikkert blir regn og kaldt og masse vind…Det er teikna på at no er det vintercup. Det brakar laus fredag kl.18.00 og fortset utover laurdagen til finalane på ettermiddagen !

Er det spelarar som ikkje er blitt kontakta, men som ynskjer å delta i sin krins…Ta kontakt med Ole Bergesen på 95 97 51 50, så kan han settja deg i kontakt med lagleiar for ditt lag.

Me markerer også med dette 40 års jubileet til FIL Fotball, og det blir premieutdeling for Vintercupen under denne banketten på Fitjartun.

Puljetrekning på Vintercupen blir på Fitjar Fjordhotell torsdag kl. 21.30 der spenninga er enorm.

Møt opp på Kunstgrasbanen og få med deg dramaet som set følelsar i sving i denne bygda vår når det er snakk om å bli beste krins….!

Fotball – Lidenskap – Tårar –Glede og Fortviling ……Opplev Vintercupen 2009 ….Vinterens kaldaste eventyr……!