Festkomiteen i fotballgruppa minner om den årlege fotballfesten som går av stabelen neste laurdag.

Fotballgruppa i Fitjar Idrettslag arrangerer årsfest på Fitjar Fjordhotell laurdag 6. november kl 19.30, men førebels er det ikkje mange som har meldt seg på. Fotballspelarar, lagleiarar, oppmenn, dommarar, sponsorar, støttespelarar og andre fotballinteresserte som vil komma er hjarteleg velkomne.

Vintercupen vert òg arrangert denne helga, så fotballgruppa håpar at mange kan setja av 5. og 6. november til den tradisjonsrike lokalturneringa og til klubben sin årsfest. Styremedlemmer, trenarar og oppmenn får gratis inngang på festen.

Påmelding til Mona Alfsvåg Traa på e-post: mona.a.traa@haugnett.no eller mobiltelefon nr: 934 81984, innan 1.november. Kr 200 kan betalast ved inngang. Mat og levande musikk inkludert i prisen.