Me ha nett lagt bak oss den kaldaste og finaste jule- og nyårshelga i manns minne.

No har me hatt over to veker med stabilt vintervêr, noko som har blitt meir og meir sjeldan her på våre kantar. Nyårshelga har vore den kaldaste på vel 30 år. Alle som har vit til å kle seg, har kunna nyta det flotte vintervêret på isen, i skiløypa eller på sjøen.

Ekstra kaldt var det laurdag kveld; då kraup temperaturen ned i minus 15,5 grader Celsius på Helland då Fitjarposten var ute på ein liten runde. Kanskje kan andre melda om endå meir ekstrem kulde i bygda i helga. Og vinteren har ikkje tenkt å gi seg med dette. Ifølgje www.yr.no skal det bli bikkjekaldt minst ei veke til:

http://www.yr.no/stad/Noreg/Hordaland/Fitjar/Fitjar~63590/langtidsvarsel.html