Etter ein flott fottur i fjellet, kan Fitjarposten slå fast at vinteren ikkje er så langt unna.

Til dei som lurer på kor det blei av vinteren, kan Fitjarposten opplysa at det er full vinter i fjellet. Ein fottur til Svartavatnet freista oss lenger til fjells. Me drog forbi Kjeringjo i nordaustre enden av Svartavatnet, og vidare opp på Grønafjedlet, nest høgaste fjellet i Fitjar med sine 623 meter over havet.

Forholda var aldeles nydelege i det flotte solskinet, men det var diverre ikkje skiføre. Enkelte stader var snøen nesten heilt borte. På dei store områda som framleis var dekte av snø, var det fast, fin skare. Her er det særs fint å gå til fots, men ikkje utan broddar! Fitjarposten har prøvd seg både med og utan broddar, og kan slå fast at det er heilt nødvendig å vera godt skodd på dagens føre i fjellet.

Til den som lar seg freista til fjells av vedlagte bilete vil me gjenta: Ta med broddar, og la dei ikkje liggja i sekken. Ta dei på!