Med kaka på biletet gjekk Inger Lise Habbestad heilt til topps i kakebakekonkurransen under Fitjarfestivalen. – Masse frisk bærsmak, god kombinasjon av råvarer og ei delikat kake, sa juryen.

Juryen bestod at Jorunn Hernes, Geir Skeie, Anna Bodil Hestenes Tislevoll og Jorunn Torland, og dei smakte seg fram mellom alle dei 15 kakene som deltok i konkurransen, før resultatet låg føre. I tillegg til vinnarkaka vart fire kaker til premierte, og dei premierte kakebakarane var: Elin Korneliussen, Unni Strand, Mette Haldorsen og Sylvi Nysæther. – Ikkje noko lett avgjersle, sa juryen.

Kakekonkurransen var ein del av det flotte fokuset ein har lagt på lokalprodusert mat i samband med denne festivalen. Alle deltakarane kunne hente egg hos Hogste Egg og bær hos Fitjar bær – og god bærsmak var eitt av kriteria. Elles var totalsmak, kreativitet og «design» av kaka andre kriterium.

Ingressbilete: Inger Lise Habbestad si vinnarkake. – Eg lagar ei slik på hotellet omtrent kvar veke, fekk me vite. Så om du ikkje fekk smaka ho i går, så …   Foto: Håkon C. Hartvedt.

(Når kaka ikkje er heil, er det fordi juryen har prøvesmakt).