Etter fleire velretta spark og løp i bakrommet kunne vinnarane av dei ulike klassane i Vintercupen 2014 ropast ut i regnbygene laurdag ettermiddag.

Den første finalen var i den årsferske oldboys-klassen. Kampen stod mellom Vestbøstad og Øvrabygda/resten. Då desse laga møttest i første kampen, blei resultatet 8-1 til øvrebygdingane, som ikkje hadde ein einaste øvrebygding på laget. Styrkeforholdet heldt seg fram til finalen. Resultatet i siste kampen blei til slutt loggført som 8-3, eller som finaledommar Finn Ingvar Havnerås sa: – Me blei einige om at resultatet blei 8-3…

I kvinneklassen var det duka for eit møte mellom Øvrebygda og Vestbøstad nedre. Det var lenge jamt, med eit Vestbøstad-lag som førte spelemessig, men sleit med å få hol på byllen. Men til slutt måtte øvrebygdingane kapitulera, ikkje berre ein gong. Då dommaren bles av kampen, stod det 3-0 til Vestbøstad nedre.

Til slutt var det mennene som skulle gjera opp ute på banen. Oppgjeret stod mellom Vestbøstad og Storavatnet Jr. Sjølve kampen hadde nerve heile vegen. Vestbøstad hadde ballen, men produserte lite framfor motstandarmålet. Heile vegen låg spelarane på  Storavatnet jr klare til å kontra. Det blei berre skåra eitt mål, og det var dei unge framoverstormande som sørga for.  Dermed kunne dei sleppa jubelen laus då kampen var over. – Det var veldig jamt, og difor var det veldig deilig å vinna, uttalte kaptein Jan Age Tislevoll rett etter kampen.

Årets turnering var utan dei heilt store skadane, i skarp kontrast til forteljingane frå farne tider som har versert i media i dagane før turneringa. Fredag kveld var det snakk om noko som kunne vera eit beinbrot, som seinare blei redusert til mistanke om ein akillesskade. Ole Bergesen, som veit det som er verdt  å vita om årets cup, kjente ikkje til at kva omfang den omtalte skaden hadde, men at han ikkje hadde høyrt noko meir til korleis det hadde gått, tok han som eit godt teikn. Sjølv humpa han rundt på krykker etter to minutt med oldboysfotball.