Trass i at dei var på synfaring på Fitjar i august seier Vinmonopolet nei til å opne nytt polutsal i bygda. Men Rosendal får nytt polutsal.

Fitjar er blant svært få kommunar i Hordaland som ikkje har eige Vinmonopol. I fleire år har det vore skrive om at Fitjar ligg an til å få Vinmonopol, utan at noko har skjedd. Fitjar kommune sendte først søknad om Vinmonopol tilbake i 2013.

– Me meiner eit polutsal vil vera viktig for å hindra handelslekkasje, og vil styrkja Fitjar sentrum, sa Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) til Sunnhordland i august.

Men i haust var det teikn på at dette kunne endrast. Ein delegasjon frå Vinmonopolet var nemleg på befaring i både Fitjar og Sveio i august for å vurdere grunnlag for polutsal.

No har Vinmonopolet offentleggjort kva slags kommunar som får Vinmonopol. Og Fitjar er altså ikkje på lista i denne runden heller.

Det er derimot Rosendal, som no får Vinmonopol, sjølv om det allereie er polutsal i Husnes ein dryg halvtime unna, og at kundekretsen er om lag det same som i Fitjar.

– Desse stadane er relativt like ved at dei har ein kundekrets på 2-4.000 innbyggjarar og ein nokolunde lik avstand til nærmaste pol, sa pressesjef i Vinmonopolet, Jens Nordal, til Sunnhordland.