Kan dette vera rett lokal for Vinmonopolet på Fitjar? Arkivfoto: Ingrid Hovstad

– Me vil jobba med å byggja butikken i haust, og forhåpentlegvis vil fitjarbuen kunna kjøpa julepresentane sine på det nye polet.

I slutten av april var representantar frå Vinmonopolet på synfaring i Fitjar for å finna eigna lokale for etableringa av polet som det er bestemt at skal opna i kommunen.

No kan kommunikasjonssjef Jens Nordahl i Vonmonpolet stadfesta at dei har teke ei avgjerd om kor dei at utsalet skal etablerast. Men førebels held dei korta tett til brystet.

– Dei driv no og teiknar på løysingar. Me har ikkje landa noko formell kontrakt, og me går aldri ut med ei adresse før me har landa kontrakten. Men me har peikt oss ut eit lokale. Det tek fort eit par månadar å utarbeida dei teikniske løysingane, så me har folk med arkitektkompetanse som jobbar med saka hos oss.

Skryt av Fitjar

Kommunikasjonssjefen gir skryt til både næringslivet og Fitjar kommune for å vera innstilte på å få til ei rask løysing.

– Fitjar kommune har vore veldig framoverlendte og er ein veldig positiv kommune. Det er også næringslivet. Så her har alle felles interesser for å få butikken opp og gå raskast mogleg.

Nordahl håper på at det blir ein formell godkjenning i kommunen før sommaren, og at dei då kan gå i gang med å byggja butikken til hausten.

Ordførar Harald Rydland. Foto: Ingrid Hovstad

Vedtak på sommarfullmakt

Fitjar-ordførar Harald Rydland (Krf) seier at han førebels ikkje har fått noko tlbakemelding frå Vinmonopolet etter synfaringa, men han trur på ein snarleg avklaring.

– Dei har allereie fått salsløyve, men kommunen må vel formelt godkjenna lokalet. Det spørs om ein rekk å handsama saka i det siste kommunestyremøtet før sommaren, om ikkje så blir det nok som sommarfullmakt.

KrF-ordføraren har ikkje noko problem med å stå inne for ei Vinmonopol-etablering i Fitjar.

– Eg står for det. Eg meiner at det alt i alt er positivt for Fitjar og attraktiviteten vår at me får eit sånt utsal. Me i KrF set pris på at alkoholomsetnaden føregår i kontrollerte former.