Magne Skjævesland vitja i går Fitjar Seniorsenter og tok publikum med på ei spennande reise i ord og tonar pluss innslag av dans og dramatisering. Foto: Håkon C. Hartvedt

I  «Ferdaminni fraa Sumaren 1860» som Aasmund O. Vinje gav ut i eit spesialnummer av tidskriftet sitt «Dølen», skildrar Vinje ei reise han gjorde frå juni til september i 1860, frå Christiania til Trondheim og tilbake, for å dekke kroninga av kong Karl XV i Nidarosdomen. Reiseruta starta med tog til Eidsvoll med «Hovedbanen», og vidare gjekk turen gjennom Odalen til Kongsvinger, der han gjesta Jonas Lie. Deretter via Stemrudstua i Grue gjennom Østerdalen til Koppang. Herifrå drog Vinje gjennom Rondane og Sollia til Folldal. Vidare over Hjerkinn, Dovrefjell og Kongsvoll, gjennom Orkdalen og frå Orkanger til Trondheim med båt.

I Trøndelag vitja han mellom anna Stjørdal, Stiklestad, Inderøy og Mosvik. Reisa sørover gjekk med båt til Kristiansund, og derifrå over land til Molde, til Lesja, Dovre og Vågå før han reiste ut Gudbrandsdalen tilbake til hovudstaden, fortel Wikipedia.

Magne Skjævesland tok oss med på store delar av denne reisa. Mange av tekstane hadde han laga melodiar til, og sjølv om melodiane var noko monotone, synte Skjævesland at han har ei god røyst som fekk teksten svært godt fram, slik at det vart både ei interessant og lærerik ferd.

Han henta òg fram fleire av Vinje sine mest kjende allsongar som «Blåmann», «No ser eg atter slike fjell og dalar» og «Du gamle mor», sette stille i å syngja dei utan akkompagnement av noko slag –  og forsamlinga heiv seg på. Desse songane kunne dei utanboks, og det heile let svært så vel. Innimellom fekk me fin deklamasjon, og Skjævesland imponerte òg med «å sparke hatten».

Det vart ei lun og god stemning på Fitjar Seniorsenter denne kvelden.

Skjævesland baud òg opp til eit lite danseinnslag. Her svingar han seg rundt med Ingebjørg Seim. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Hatten er sparka. Foten til Skjævesland er på veg ned. Foto: Håkon C. Hartvedt