Foto: Kjetil Rydland/Fitjarposten

Berre eit år etter at Sandefjord-selskapet Harmonie overtok vindusfabrikken på Fitjar gjer dei ei løpande vurdering om vidare drift.

Dagleg leiar Glenn Jarle Eriksen fortel om eit svært krevjande 2018 for fabrikken på Fitjar.

– Me hadde eit krevjande 2018, med mykje omstillingar og utfordringar med produktiviteten. Me har gjort ein god del tiltak i denne perioden og har køyrt vinterprodukjon der den siste tida. Så er det ein laupande vurdering om produktiviteten vidare.

Glenn Jarle Eriksen er dagleg leiar i Harmonie Norge. Foto: Harmonie

Eriksen fortel at dei treng å oppnå lønsemd på fabrikken ganske snart for å unngå ei nedlegging av fabrikken.

– Det blir ei løpande vurdering heile tida på framleis drift. Det er klart at me treng å få opp produktiviteten for å få lønsemd. Når 2018 var såpass krevjande må me sjå ressultatar i 2019 ganske raskt for å kunne sjå ei god framtid.

– Kva var årsaka til det dårlege resultatet i 2018?

– Det er mange grunnar til det. Det er klart at det er ein pressa marknad i Norge på vindusproduksjon. Det er mange produsentar, og det er om å gjere å ha mest mogleg automasjon i ein sånn form få drift.

Den daglege leiaren fortel at det for tida er 4-5 tilsette som er permitterte på fabrikken. Han vil rose dei tilsette for å vise tålmod i den vanskelege tida.

- Annonse -

– Me har lagt ned mykje ressursar for å sikre drifta, og det er jo fine folk som jobbar der so har vore med på ein fantastisk innsats, seier Eriksen.

Sandefjord-firmaet Harmonie tok over fabrikken på Sjoarreset i april 2018. Bak dette firmaet står Markus Ødegård; han er ein av dei tre som tok over fabrikken på Sjoarreset etter Fjeldtvedt-konkursen i 2015.

Fusjonen mellom Mestervindu og Harmoni Norge gjorde han eineeigar av fabrikken i Øvrebygda.

Fabrikken på Fitjar har fire personar tilsett i administrasjonen, og i produksjonen er det rundt 40 tilsette. Budsjettet for 2018 var på rundt 70 millionar kroner. Rekneskapstala frå i fjor er ikkje publiserte.