Arkivfoto

Fitjar kommune kjem i dag med ei lita gladmelding til dei som saknar sine kjære på Fitjar bu- og behandlingssenter.

No kan du nemleg få moglegheita til å snakka kjapt med dine kjære frå utsida av vindauget på rommet deira.

– Dei tilsette på sjukeheimen har no funne ei ordning som gjer at dei som bur der kan få besøk av dei næraste utan at det medfører smitterisiko, skriv ordførar Harald Rydland.

Han minnar om at ein må hugsa og avtala på førehand om ein ynskjer å nytta seg av ordninga.

– Ta kontakt med vaktrom for å avtala vindusbesøk med dykkar kjære. Dette visar seg å vera til stor glede for alle partar, avsluttar Rydland.

Telefonnummer for å avtala er: Somatisk avd. 90367412, og dement avd. 90478103