Det vart i dag klart at at EFTA sitt overvakingsorgan ESA godkjenner at Midtfjellet Vindpark AS får 346,5 millionar kroner til vindkraftproduksjon.

I ei pressemelding om saka skriv direktør Per Andreas Bjørgan i konkurranse- og støtteavdelinga at ESA har kome fram til at den positive effekten av auka produksjon av fornybar energi veg tyngre enn den avgrensa negative effekten av statsstøtte på marknaden.

– Støtta er avgrensa til det som er naudsynt for å utløyse investeringa i vindparken. Utan statsstøtte ville ikkje prosjektet blitt realisert. Fordi marknadsdelen til Midtfjellet Vindpark AS er svært liten, vil statsstøtta ikkje endra konkurransetilhøva i marknaden vesentleg, heiter det.

Støtta vert gjeven av Enova, og med ein effekt på  52.5 MW, vil vindmøllene kunne dekkje straumforbruket til om lag 8.000 husstandar.

– Ein kjempedag!, jublar kraftlagssjef Ole Vidar Lunde. – Flagget er alt kome til topps, og me kjem til å markere denne svært gledelege hendinga med ei festsamling i kveld, seier han.

Lunde fortel vidare at alt det formelle no er på plass, og at ein vil gå i gang med ein ny anbodsrunde for å få kvalitetssikra prisar.

Les meir om saka på bt.no.