Kongen kjem ikkje, men det gjer fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H). Me snakkar om den offisielle opninga av Midtfjellet Vindpark som vil finne stad ved møllepunkt B7 17. september i år.

– Det vil bli sett opp bussar til fjells for dei inviterte gjestane til sjølve opninga som fylkesordføraren vil stå for, fortel dagleg leiar i Midtfjellet Vindpark, Johannes Koløen, til fitjarposten.no, og han legg kjapt til: – Sjølv om opninga skjer på fjellet vil den store markeringa og festen finne stad i Idrettshallen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Det skjer om ettermiddagen. Detaljane i programmet vil han kome tilbake til etter kvart som det vert klart.

Koløen kan vidare fortelje at utbygginga er i rute. Alle dei mindre delane til møllene er komne på plass, og 13 botnseksjonar i fase 2 er monterte. Framleis vil det kome ein del tårn og venger.

– Dei største utfordringane no er om det skulle bli mange dagar med vind eller tåke, seier Koløen.

Som eit lite apropos legg han til at det er arbeidarar frå 10 forskjellige nasjonar på anlegget no.

Over 4000 besøkjande
Midtfjellet Vindpark er allereie blitt ein turistattraksjon.

– Folk kjem alle vegar i frå, og me har vore nøydde til å avgrensa. Me har prioritert skular, fagskular og bussar med pensjonistar. Besøkstalet er allereie kome opp i nærmare 4500 besøkjande, seier Johannes Koløen, og legg til at når ein er ferdig med monteringa, vil kapasiteten til å ta imot besøkjande bli endå større.