Rett nok berre ei førebels, men no har vindmøllene på Midtfjellet begynt å levere straum.

 På nettsida til Midtjellet Vindkraft kan me lese følgjande:

«

Laurdag føremiddag 22. september 2012 byrja den første vindmølla, B13, på Midtfjellet å produsera straum. Når innkøyringa er ferdig og kreftene kan sleppast laus, vil produksjonen vera på rundt 500 kwt. Mølla veg 360 tonn, er 80 meter høg opp til navet. Kvar venge er 45 meter.


Samstundes med at mølle 13 vart sett i drift, vart vengene på mølle 14 montert. Videoen under er filma frå Beinatjørnvarden, det høgaste punktet på Midtfjellet. På det tidspunktet var bremsene sett på vindtubinen att grunna arbeid inne i tårnet.»

Videoen kan du sjå Midtfjellet Vindkraft si nettside.