Framdrifta til Midtfjellet Vindkraft er på sporet, seier dagleg leiar Ole Vidar Lunde, som fortel at vindmøllene kjem i august.

– E39 er betre enn sitt rykte, seier Ole Vidar Lunde, som føler seg heilt sikker på at den utfordrande transporten av vindmøllene vil gå utan store problem, og han legg til: – Me har testa vegen, og er heilt trygge på at dette skal gå bra! Den tyngste transporten er faktisk alt gjennomført. Den første, svære transformatoren er på plass i trafostasjonen i Midtfjellet. Inkludert transportvogna vog denne transformatortransporten heile 198 tonn! Den store utfordringa var å komma gjennom Uføretunnelen. Transportvogna måtte senkast 15 centimeter, og då var klaringa opp til lysarmaturet i tunnelen knapt 10 centimeter, seier anleggsleiar Sigve Martinsen.

Eigentleg skulle vindmøllene ha blitt tekne i land i Årskog og fått ein mykje kortare veg på Fv. 545, men den mykje omtalte flytedokka hindrar dette. Dermed blir transporten noko dyrare, utan at Ole Vidar Lunde på nokon måte ser svart på å transportera møllene over E39 i staden. Dei første mølledelane kjem til Eldøyane 17. juli, frå den tyske leverandren Nordex i Rostock. Og 6. august startar transporten av mølledelar over E39 og Fv. 545 til Midtfjellet.

Det vil bli ganske mange spesialtransportar som krev politieskorte, fortel Martinsen. I alt 44 møller skal transporterast på denne måten. Kvar mølle består av 13 transportar, og av desse er ni spesialtransportar. Dei lengste mølletransportane blir vengene, som vil bli kjørte i kolonnar på 55 meter! Transporten vil starta rundt kl. 22.00 kvar kveld frå Eldøyane, noko som vil gjera det enklare for oss andre å planleggja. Dei vil sleppa annan trafikk forbi. – Men har du det travelt, kan det vera lurt å kjøra vestsida av Stord, seier Sigve Martinsen, som legg til at mølletransporten ikkje vil vera ferdig før i slutten av oktober.

Oppe i Midtfjellet begynner fundamenta å bli klare til å ta imot vindmøllene. I fase 1 skal det monterast 21 vindmøller, og dette arbeidet vil vera ferdig innan utgangen av oktober. Nettet blir spenningssett 5. august, og rundt 15. september vil den første mølla levera straum. Ganske nøyaktig eitt år etter anleggsstarten i fjor haust. Byggesteg 2, med nye 23 vindmøller, vil vera ferdig hausten 2013, og Midtfjellet Vindkraft overtar møllene 1. januar 2014, fortel dagleg leiar Ole Vidar Lunde.

I går fekk eit mann- og kvinnesterkt pressekorps ta vindmølleparken i nærmare augesyn, då Ole Vidar Lunde og anleggsleiar Sigve Martinsen inviterte på omvising. I alt 26 av totalt 27 km veg er ferdig, og vegen ligg særs fint i terrenget. Martinsen fortel at vegen etter kvart vil bli endå mindre synleg. Dei vurderer å så i vegkantane, men for det meste vil nok vegetasjonen ta seg opp igjen av seg sjølv når torva som har blitt fjerna blir lagt på plass att.

Ole Vidar Lunde er ikkje lite stolt over at arbeidet så langt ikkje har ført til personskader, maskinhavari eller utslepp av olje eller andre skadelege stoff. Han er og stolt over å kunna minna om ein del positive ringverknader for Fitjar-samfunnet. Av desse nemner han spesielt den nye vegen frå Fitjar sentrum til Rimbareid, ny skule på Rimbareid, dobling av inntekta frå eigedomsskatten i Fitjar kommune, millionbeløp i vederlag til grunneigarar, store oppdrag til lokalt næringsliv, og sist, men ikkje minst: Store, nye brukargrupper har fått tilgang til eit fjellområde som før berre blei nytta av dei sprekaste. 


Dei blir transportert to + to i ein konvoi.  Den lengste mølletransporten blir 55 m lang, og det blir vengene.  Det vil transporterast 3 venger i ein konvoi