Det var lagleg vind i vindparken i Øvrebygda i ettermiddag, og borna jubla då dei såg at vindmøllene deira gjekk fort rundt.

Tysdagsklubben starta opp att i ettermiddag med over førti born til stades. To aldersblanda grupper samlast først til velkomst og song. For dei minste vart Bibelforteljinga om Marta og Maria formidla ved hjelp av rollespel. Den eldste gruppa vert kalla Tårnagentane, og dei følgde godt med då tekst og bilete kom opp på storskjerm. Seinare kunne borna velje mellom mange aktivitetar, både ute og inne. Den gode bollelukta som spreidde seg etter kvart, gav håp om eit lite festmåltid slik klubben alltid avsluttar samvera. Dei som deltok i leik utandørs var kanskje ekstra svoltne. Ei jentegruppe var kreative og laga kvar sin pynteboks. Sløydgruppa tok opp kampen om å få dei første vindmøllene i gang. Ved bruk av heimelaga halvfabrikata og kanskje ei mamma som hjelpte med hammaren, fekk dei minste prøve seg som vindmølle-produsentar. Det gjorde seg med god vind då møllene skulle testast. Og no i kveld står nok vindmøllene (eller rettare sagt vindkårene) ute rundt om i Øvrebygda og snurrar rundt.

Karen Elisabet Rydland Sæbø, som er leiar i Tysdagsklubben, nyttar høvet til å minne om klubbaktivitetar annakvar tysdag. Ei aldersgruppe frå tre til seks år og ei frå sju år og oppover. Det er ope for born utanom Øvrebygda krins også. Dei eldste borna kan vente nokre overraskingar utetter hausten, og bør følgje med på plakatar. – Ta kontakt (tlf. 400 69 460) viss de lurer på noko. Kom innom og sjå kor kjekt me har det, seier Karen Elisabet til slutt.

anabolisant