Med jamne mellomrom ser me bilete av vindmøllene på Midtfjellet både på nettet og i aviser.

Ja dei vert ofte fotograferte og diskuterte, anten ein er for eller i mot. Fastbuande viser stor interesse og straumen av turgjengarar er stor. Mange turistar nytta høvet til å oppleve det flotte Fitjarfjellet i påskeferien. Både ver og føre var ideelt. Me kan nok rekne med at alle fjell-farande med fotoapparat knipsa bilete i vindparken, i tillegg til vakre naturmotiv. Elles minner me om at Midtfjellet Vindkraft har eigen fotograf i heile anleggsfasen og eit rikt utval av bilete og forklaringar er tilgjengelege på nettet. (midtfjellet-vindkraft.no)