Representantar frå Midtfjellet Vindkraft AS og det tyske selskapet Nordex skreiv i dag under ein avtale om leveranse av vindturbinar til Midtfjellet vindkraftverk i Fitjar kommune.

Avtalen vart underskriven på Fitjar Fjordhotell og omfattar leveranse av 21 vindturbinar til den første fasen av prosjektet. – Det er òg gjort opsjon på leveranse av vindturbinar til fase 2, heiter det i ei pressemelding om saka.

Her vert det vidare opplyst at Nordex har meir enn 25 års erfaring med vindkraft i ei rekkje land, og at dei har installert meir enn 4 600 vindturbinar på verdsbasis.

Dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft AS, Ole Vidar Lunde, understreka at dette er ein milepel for Midtfjellet Vindpark. – Me ser fram til eit godt samarbeid med Nordex. Eit samarbeid som på humørfylt vis kan samanliknast med ekteskap og sølvbryllaup i og med at vindturbinane har 25 års levetid, sa han mellom anna.

Første vindmølle i drift i september 2012
Som dei fleste fitjarbuar veit, er bygging av veg og oppstillingsplassar for montering av turbinane godt i gang allereie. Denne hovudanleggsperioden vil vare til juni neste år.

– Monteringa av turbinane vil starte i august 2012, og allereie i september vil den første turbinen vera i drift. Så vil dei andre suksessivt bli sette i drift etter kvart som dei kjem opp. Etter planen skal fase 1 vera i full produksjon innan april 2013, men eg ser ikkje bort ifrå at alle turbinane kan vera i drift allereie ved nyårsskiftet 2012/2013, seier styreleiar i Midtfjellet Vindkraft, Tommy Eriksen, til fitjarposten.no.

Årsproduksjonen for prosjektet vert då på om lag 180 GWh.

I pressemeldinga heiter det vidare at det sannsynlegvis vil bli gjort eit vedtak om investering for fase 2 i første halvår 2012.

Vindturbinane som skal leverast til Midtfjellet vil yte 2,5 MW, ha ei tårnhøgde på 80 m og rotordiameter på 90 m.

– Dette er velprøvde turbinar som me har gode erfaringar med både frå Havøysund i Noreg, Estland og England, hevda fleire representantar frå Nordex under ein pressekonferanse på Fitjar Fjordhotell i dag.

Gode marginar i høve til støy
Med omsyn til støy kunne Ole Vidar Lunde opplyse om at målingane som er gjort av Sinus syner at støynivået for vindturbinane i Fitjar ligg godt innanfor norsk standard. – Med omsyn til dei nye danske krava har ein enno ikkje nok data til å gjera ei fullstendig berekning, men eit overslag som er gjort syner at me òg vil koma under dei danske krava, med veldig god margin, sa han.

Avstanden frå den næraste turbinen til Fitjarstølane vil vera 1325 m.

Minimal skuggekasting
Under pressekonferansen vart det vidare stilt spørsmål om skuggekasting. – Dette vil ikkje bli noko problem med omsyn til turbinane i Midtfjellet. Berekningar som er gjort her, syner at vindmøllene i svært liten grad vil koma inn i solbanen. Skuggekasting vil berre berøra eitt hus, 14 minutt i året, svarte Lunde.

Mest motstand på førehand
På spørsmål retta til Nordex om kva for erfaringar dei hadde med motstand mot vindturbinane, svarte medlem i Nordex sin konserndireksjon, Lars Krogsgaard, at det hovudsakeleg er motstand på førehand. Etter at turbinane er komne opp, er det ein heilt annan situasjon. Litt i Frankrike, men elles lite å snakka om, hevda han.

Nærare opplysningar, med støykart, andre kart, avstandar med meir, finn du her.