Klagen frå Aksjonsgruppa for vern av Fitjarfjellet over reguleringplanen for Midtfjelletførte ikkje fram. I brev av 25.oktober  stadfestar tvert imot Fylkesmannen Fitjar kommunestyre sitt vedtak av 27. juni, på alle punkt. 

Aksjonsnemnda meinte at vedtaket var i strid med plan og bygningslova, at det var mangelfull kunngjering av dispensasjonsvedtak frå arealdelen til kommuneplanen og mangelfull sakshandsaming etter jordlova, matlova, delingslova, grannelova, oreigningslova og kommunehelselova. Vidare meiner aksjonsgruppa at reguleringsplanen òg er eit brot på forvaltningslova og plan og bygningslova sine reglar om kunngjering, innsyn og rettleiing, klagefrist og deltaking i planprosessen.

Fylkesmannen tek for seg kvart av desse punkta, men gjev altså ikkje aksjonsnemnda medhald på nokre av klagepunkta deira. Reguleringsplanen vart også påklaga av Atle Aga. Ein klage som ikkje inneheld konkrete klagepunkt, men mei rein protest mot utbygginga. Den vart heller ikkje teken til følgje.

 

Fylkesmannen sitt vedtak kan ikkje påklagast jfr. Plan og bygningslova paragraf 15 og forvaltningslova sin paragraf 28, 3, ledd.

Kraftlagsjef Ole Vidar Lunde er glad for vedtaket, men understrekar samstundes at framleis er står det att ein anke på konsesjonsspørsmålet. Den blir handsama til våren. -Og så må dei økonomiske rammebetingelsene på plass. Det er dei ikkje enno, seier han til Fitjarposten.no