Eigarane av Midtfjellet Vindkraft AS underteikna i går avtalar om utbygging av fase 2 på Midtfjellet.

– Fase 1 er allereie under utbygging, og gjennom beslutninga om bygging av fase 2 vil det i alt bli 44 vindturbinar på Midtfjellet i Fitjar kommune. Samla produksjon på Midtfjellet vil frå 2014 komme opp i 350 GWh, tilsvarande årsforbruket til 17 500 husstandar. Som fitjarposten.no tidlegare har skrive, har utbygginga så langt gått heilt etter planen.

Vindmøllene i Fase 1, som er finansiert med investeringstilskot frå Enova, startar energiproduksjonen hausten 2012.

Fase 2 vil bli bygt direkte i fortsetjinga av første byggetrinn, og av dei same entreprenørane som i dag er engasjert på Midtfjellet. Ferdigstilling av heile prosjektet er venta ved årsskiftet 2013/2014, og kostnadsramma for andre byggetrinn er på ca. 500 millionar kroner. I byggeperioden vil 20-40 arbeidarar vere engasjert.

Fase 2 i Midtfjellet er det første store norske vindkraftverket som får inntekter frå den norsk-svenske el-sertifikatmarknaden, som ble innført i 2012

Midtfjellet Vindkraft AS er eigd av EB Kraftproduksjon, Fitjar Kraftlag, Vardar og Østfold Energi. Leverandør av turbinar til Midtfjellet er tyske Nordex, heiter det i ei pressemelding om saka.