-Enova-styret har utsett behandlinga av investeringsstønaden til vindkraften. Avgjerdsla skulle etter planen ha falt i dag, men blei utsett fordi fleire styremedlemer skulle skiftast ut, skriv Teknisk Ukeblad.

 

Opposisjonen reagerer kraftig på at vindbransjen nok ein gong må vente. Men olje- og energiminister Terje Riis-Johansen har ingen planar om å leggje press på Enova for å setje fortgang i prosessen.  Enova kan heller ikkje seia når det vert teke stilling til kven  som skal få stønad.

-Det kan bli eit ekstraordinært styremøte før sommaren, men dette er enno ikke avklart, heiter det i Teknisk Ukeblad.

Les meir her: http://www.tu.no/nyheter/article214502.ece