Rolf-Atle Rolfsnes melder om ein vindfull tur med Barnas Turlag til Kattnakken og Agdesteinen i går.

Rundt 70 små og store møtte opp på Heio søndag då Barnas Turlag inviterte til tur, fortel Rolf-Atle Rolfsnes. Turen gjekk opp Fossabrekko, vidare til Kattnakken og ned til Agdesteinen, som er ein av postane i Barnas Topptrim i år.

Meir om den vindfulle turen kan du lesa på nettsidene til Stord Fitjar Turlag.