Det var stort song- og musikkmøte på Fitjar bedehus i ettermiddag.

«Eg vil prisa Han med min song» var tema for song- og musikkmøtet som Fitjar indremisjon inviterte til på Fitjar bedehus denne søndag ettermiddag. Kaffiborda var dekka og inkludert tilreisande frå Bergen var 120 stykk samla for å synga saman.

Fitjar musikkforeining opptredde med song, og like så Fitjarbrørne, som består av Tryve Eiken, Lars K. Vik, Rasmus Fitjar, Johnny Aase og Geir Vik. Frå Bergen kom Betlehem musikklag som song både åleine, saman med Fitjarbrørne og saman med Fitjar musikkforeining.

Ole Abel Sveen hadde musikkandakt frå pianokrakken. Andakten inkluderte både solosongar, der han akkompagnerte seg sjølv på piano, og allsongar. Dei fleste av songane på møtet var henta frå den nye songboka: Syng for Herren.

Det var og matpause, med servering av kaker og kaffi, og saft til ungane.

«Eit veldig flott møte», synest Trygve Eiken, dirigent i Fitjar musikkforeining og leiar i Indremisjonsstyret. «Det er spesielt å få synga ilag, og då musikkforeiningen frå Fitjar song saman med Fitjarbrørne og gjengen frå Bergen var det nesten som tåren spratt. Det er godt å få vera ilag å prisa den me trur på», seier Trygve før han tek til å rydda vekk bord og stolar og gjera klart for vasking av golvet.