Salet av festivalpass gjekk unna då me var innom Festivalkontoret onsdag ettermiddag.

Festilvalleiar Sigurd André Maraas rapporterer om god etterspørsel etter billettar.

Som den mat- og musikkelskar han er, ser han fram mot helga med fortventning.

Kanskje ser han aller mest fram til fredagskvelden, når han skal stå på scenen sjølv under «Wild West Party» i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Som kjent er festivalleiaren både musikar og cowboy og stiller i spissen for bandet «The Revivals».

 

Ingressbilete: Sigurd André Maraas spelar på mange strenger under Fitjarfestivalen. Foto: Kjetil Rydland.