– Grimen Tenester vart skipa i månadsskiftet november/desember 2009. Med det nye firmaet mitt ønskjer eg å vera eit supplement til den eksisterande næringa på øya, seier Vidar Grimen til fitjarposten.no

Grimen har erfaring innan mange arbeidsområde og tilbyd både utleige av arbeidskraft på timebasis, sjåførutleige og transport av ulik slag.

– Eg sel òg bildelar og driv med formidling og sal av dekk og felgar. Vidare  kan eg skaffa ein del til båt, traktor, anlegg og liknande, legg han til.

Når det gjeld utleige av arbeidskraft tilbyd han tenester til privatpersonar, bedrifter og butikkar. Noko av det han kan tilby er vikar eller ekstrahjelp, rekneskap og faktureringsarbeid, ulik art av hagearbeid og konsulenttenester innan ein del dataprogram.

– Det er likevel tøft å starta eige firma. Kvifor gjer du det?

– På denne måten vonar eg å kunne styra tida mi meir sjølv, få eit meir allsidig arbeid og vera meir til stades på heimebane, seier Vidar Grimen til slutt.