Tittelen er namnet på eit prosjekt der tre lokale kunstnarar med fitjarbuen Bodil Vik som koordinator, vil arrangere både kunstutstillingar og konsert i slutten av månaden. Bilete: F.v. Cecilie Anna Rønhovde, Roald Sundal, Bodil Vik og Yngve Bukkøy. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Namnet VIL VAKA heng saman med at me snakkar om tre kunstnarar som stort sett har halde seg smålåtne under vassflata. No vil dei våga seg opp i overflata – og vonar det vert gode ringverknader av det, seier Bodil.

Kunstnarane er Roald Lindås (foto), Yngve Bukkøy (måling, materialbilete) og Cecilie Anna Rønhovde.

I slutten av månaden
Det heile skjer i tida 19. -28. juni.


19. juni
Kl 17.00
 opnar Roald Sundal fotoutstillinga «Utgjerde Landskap» med landskapsbilete i Galleri Losjen. (Utstillinga  held fram til 28. juni)

Kl 18.00 same stad vert det offisiell opning og konsert med Cecilie Anna Rønhovde og Vidar Vedå, som kallar seg «Miniforetaket». Døme på musikken til Cecilie kan du høyre her.

Eit av bileta til Roald Sundal.

20. juni
Denne dagen er det duka for opning av kunstutstilling  på Torsdagsøy i Fitjarøyane ved Yngve Bukkøy. Han stiller ut grafikk og måleri. Utstillinga opnar kl 13.00 og held fram til 28. juni kl 15.00. Kunstnaren er til stades på Torsdagsøy i denne perioden.

Eit av bileta til Yngve.

21. juni
vert det konsert med «Familieforetaket» i Galleri Losjen kl 15.00 og 18.00.  Denne konserten kostar kr 150,- , og billettar kan kjøpast i døra eller reserverast på tlf. 415 03 538.

Gruppa gler seg til prosjektet og gjev uttrykk for at dei er svært glade for å få nytta Galleri Losjen – og vil spesielt takke kultursjef Bente Bjelland for god hjelp.

VIL VAKA-gjengen. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

(ANNONSE)