Harald Rydland i Fitjar fjellsameige. Arkivoto: Kjetil Rydland.

Ordførarkandidaten til KrF i Fitjar har roller som han fort ser kan bli problematiske.

Harald Rydland har i likeins med Fitjar KrF allereie teke eit standpunkt. Han er i mot utviding av vindparken i Fitjar-fjellet.

– Personleg er eg i mot fleire vindmøller. Mest av alt ut i frå naturverdiane i området.

Dette gav han tydeleg beskjed om til grunneigarane i Fitjarfjellet under årsmøtet i Fitjar Fjellsameige førre torsdag.

– Det var ingen som protesterte på at eg har uttrykt motstand. Men eg veit det er ulike meiningar om dette i fjellsameiget. Korleis fleirtalet stiller seg til planane tør eg ikkje seie.

Vil trekkje seg dersom han vert ordførar

Under møtet vart det halde ein orientering om Midtfjellet vindpark sine planar i Grønafjellet, men det vart ikkje noko formell røysting om støtte til planane.

– Meldinga kjem ut på høyring, og først då vil fjellsameiget ta stilling til saka.

Men Rydland ser at det fort kan habilitetsproblem dersom han blir ordførar og samtidig skal representere eigarinteressene i Fitjarfjellet.

- Annonse -

– Då vil det ikkje vere naturleg at eg held fram som leiar, for då kjem eg lett i habilitetskonfliktar. Men ordførar er ikkje noko du kan planleggje å bli, så eg sa likevel ja til å stå på val til å bli attvald som leiar no, seier Rydland.

Namnekonkurranse for høgaste fjellet i Fitjar

Ein annan interessant sak som Fitjar fjellsameige handsama var namnet på det høgaste fjellet i fitjar. Som Fitjarposten skreiv i mars, har Kartverket kome til at det likevel ikkje er Litlasåtø som er det høgste fjellet i kommunen, men ein topp utan namn nærare Mehammarsåto.

– Styret fekk fullmakt til å reise ei namnesak i Kartverket. Me vil då lyse ut ein open namnekonkurranse. Så vil me sende over forslag til Kartverket, som skal ta den endelege avgjersla, fortel Rydland.