– Me prøver å starte Røde Kors i Fitjar, smiler Camilla Havn Nesbø og Tone Wilhelmsen til oss frå ein stand på Fitjarfestivalen.

No etterlyser dei personar som kan tenkje seg å vere med.

– Fitjar ligg ved sjøen. Me treng nokon som kan vere i beredskap om det skulle skje ulykker i slik samanheng. Som kan yte vassredning.

Dei nye vegane i fjellet vil truleg føre til mykje meir aktivitet i fjellet. Eit hjelpekorps på Fitjar vil såleis bli meir og meir viktig, fortel dei til fitjarposten.no.

For målet er å få på plass eit hjelpekorps i bygda.

– Hordaland Røde Kors er veldig ivrig etter å hjelpe oss til det om me får folk.

– Ein treng ikkje nokon kunnskapar for å vere med. Alle vil bli kursa, seier dei to entusiastane til slutt.