Har du lyst til å vera med på å starta ei barne- og ungdomsteatergruppe? Då kan du møta i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg klokka 20.00 på torsdag.

Det er Fitjar Teaterlag som ønskjer å gå i gang med ei slik gruppe, og første oppsetting er planlagt til neste år og heiter ”Trøbbel i Tårnet”. Det er ein RevyCabaret med masse humor, musikk og dans..!

-Vi treng alle intresserte ungdommar frå ungdomsskulenivå og oppover. Eigentleg er det ingen øvre aldersgrense, men ca 20 år er greitt, seier prosjektleiar Ole Bergesen, og fortset:

-Me treng deg som er glad i å syngja , dansa, spela teater og jobba med kulisser, lyd og lys , eller du som vil jobbe med marknadsføring sponsorer, billettsal etc….Her er rom for alle som vil !!

Det blir kursing, og me kjem ikkje til å låse oss opp i faste øvingsdagar no, men jobba med samlingar som gjerne strekker seg over fleire timar.! Det vert instruktører på dans, sang og  teater…masse utfordringar….!

Så møt opp i Kultursalen kl. 20.00 på torsdag. (Foreldre kan òg møta.) Det blir brus og pizza til alle så langt det rekk! Her blir det presentasjon av prosjektet og vidare framdrift.!

Alle øvingar blir i Fitjar Kultur og Idrettsbygg, og framsyningane vert òg her. !