Ei ressursgruppe jobbar aktivt for å gjera det enklare for lokale matprodusentar å fremje matvarene sine for sal.

I denne samanhengen har Fitjar Meieri invitert alle som dei veit driv med ein eller annan organisert matproduksjon i bygda til «Slåttegraut» i morgon kveld. Slåttegraut får dei servert, men det samlinga først og fremst skal handle om, er korleis ein kan få realisert ein organisasjon for lokale matprodusentar i Fitjar.

– Tanken er at ein skal gjere det enklare for dei einskilde produsentane å kome ut på marknaden med produkta sine. Samstundes ønskjer ein å skapa ei lokal merkevare. Denne kan ein så fremje på matfestivalar i Stavanger, Bergen og andre plassar. For den jamne fitjarbu vil resultatet vonleg bli at ein vil finne fleire lokale produkt i butikkane i framtida.

På møtet tysdag vil prosjektdirektør i Skretting, Erlend Waatevik, snakka om «Merkevarebygging gjennom lokalt samhald», dagleg leiar i Strilalam, Evelyn Sommer, vil  ta for seg etablering av lokal mat, Tom Rydland sitt tema er dagens produksjon av kjøt, fisk og grønt i Fitjar – og «Matattaché» hos Fylkesmannen i Hordaland, Gunnar Nagell Dahl, vi fortelje om korleis ein kan søkje midlar til dette.

Det heile vil bli leia av leiar i Fitjar Meieri, Odd Bondevik, som er kreativ leiar og initiativtakar i denne samanhengen.