Foto: Patrik Nylin (wikipedia)

Arbeidarpartiet meiner promillegrensa til sjøs bør vera det same som den er på vegen; 0,2.

– Me meiner det må vera like strenge krav til bruk av alkohol for sjøfarande som det er for sjåførar, seier Åsunn Lyngedal, som representerer Ap i Stortingets næringskomité, i ei pressemelding.

Framlegget kommer opp i forbindelse med næringskomiteens behandling av sjøsikkerhetsmeldinga.

– Fleire av dei som omkom på sjøen var påverka av alkohol. I følge Redningselskapet var det åtte som var påverka  blant dei 21 som omkom i båtrelaterte ulykker i 2018. Dessverre foreslår ikkje høgreregjeringa å endre denne grensa, slik blant andre Redningsselskapet har tatt sterkt til orde for, seier Lyngedal.

I dag er promillegrensa på sjøen på 0,8 promille, mens den er 0,2 promille på vegen. Lyngedal viser til at eit overveldande fleirtal i befolkninga er positive til å setja ned promillegrensa til sjøs.

– I følge ein undersøking frå Kantar TNS Gallup meiner heile 72 prosent av nordmenn at vi bør ha same promillegrense til sjøs som på vegen. Eg meiner tida er moden for å gjennomføra dette, slik at vi alle kan ferdes trygt på sjøen, avslutta Lyngedal.