Etter suksessen med utstillinga av Karl Gloppen sine måleri har Bjørg og Karvel Strømme teke initiativ til ei tilsvarande utstilling med kunstverk av Magnus Hardeland. Med på laget har dei fått dottera til Hardeland, Kristi Hardeland, og Torhild Andersen. Teikninga med motiv frå Fitjar i Vikingtida er laga av Magnus Hardeland.

Kristi Hardeland, som no bur i Greåker, vart «i fyr og flamme» over tiltaket, og «komiteen» jobbar no for å få  til ein utstilling i november. Den vil fitjarposten sjølvsagt kome tilbake til.

Magnus Hardeland var godt kjend utover Fitjarbygda. Han laga ei rekkje kommunevåpen og har òg laga Hordaland fylke sitt. Ein del faner har han òg laga.

I kyrkja heng eit vove teppe med tema frå Getsemane som har sitt utgangspunkt i eit av hans bilete.

Vidare var han ein svært viktig eldsjel i samband med 1000-årsjubileet for Håkon den Gode i 1961. Teikninga ovanfor er henta frå eit minneskrift i samband med dette jubileet.

Mykje meir kan seiast om Magnus Hardeland. Det vil me kome tilbake til etter kvart.