Fitjarpolitikarane nærast kappast i å skryte av Fitjar vgs som kan ha nedleggingsspøkjelset hengjande over seg. – No må me kjempe for den vidaregåande skulen vår, var gjennomgangstonen under kommunestyremøtet i ettermiddag.

Årsaka er at Hordaland fylkeskommune i eit høyringsutkast for skulebruksplan for Hordaland fylke 2012 – 2015 som ein av fleire alternative skule- og tilbodstrukturar gjer framlegg om å leggja ned Fitjar vgs. Det står slik:

«Alternativ 1B Ein reduksjon av talet på skular til 33. Lokalt fører dette til ei nedlegging av Rubbestadnes vgs. og Fitjar vgs. Stord vgs. vert delt i 2 store einingar.»

Alternativ 1 går derimot inn for å utvide Fitjar vgs.

Som nemnt ovanfor var det ingen usemje mellom kommunestyrerepresentantane om saka. Alle politikarane ville kjempe for skulen, og dei oppmoda kvarandre til å med det første ta kontakt med sine partifeller i Fylkesstyret for å vere i forkant i denne saka.

Til slutt vedtok dei samrøystes å samla seg om følgjande uttale frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland:

«Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at Fitjar vidaregåande skule må vidareførast og styrkjast.  Samarbeidsrådet meiner at det er viktig å oppretthalda det sterke og breie kompetansemiljø ein har på skulen. Fitjar er eit kompetansesenter innan helse- og oppvekstfag, restaurant og matfag. Dette må ein vidareutvikla i den nye skulestrukturen. Fitjar har eit godt samarbeid med næringslivet i kommunen og arbeider godt og aktivt med ungt entreprenørskap. For kommunen er det gode og nære samarbeidet mellom helse- og sosialavdelinga og skulen sers viktig når det gjeld rekruttering til helse- og oppvekstfaga.

Fitjar har og ein fagskule innan m.a. eldreomsorg, som er med på å forsterka statusen som eit oppvekst og kompetansesenter innan helse- og oppvekstfag. Skulen har i tillegg ansvar for eit desentralisert tilbod. Dette tilbodet aukar andelen tilsette i regionen med vidareutdanning etter fagbrevet innan helse og i barnehagar, og er svært viktig for kommunane i regionen.

Fitjar vgs har eit miljø som tek vare på alle elevar, noko som gjer at frafallet er lite.»