Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen gjesta i går FMV. Han uttrykte at han har stor forståing for at sakhandsaming på byggesaker tek altfor lang tid og lova å jobbe for å få gjort noko med dette. F.v. Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, ordførar Wenche Tislevoll og verftsdirektør Hugo Strand. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fylkesordføraren fekk ei god og engasjert innføring i både kva FMV jobbar med, kva utfordringar dei står overfor – og kva tankar og planar firmaet har framover, av verftsdirektør Hugo Strand. Mellom anna kom Strand inn på frustrasjonen over at handsaming av byggjesaker og klagesaker tek svært lang tid. 

Til det svarte fylkesordføraren at det heile er blitt mykje betre etter at desse sakene vart flytta frå miljødepartementet til kommunaldepartementet, og at han vidare vil sjå på om det kan gjerast noko med regelverket på dette området.

– No gjeld det heilt andre reglar for bygging av garasjar og uthus enn tdlegare, og me vil sjå på om ikkje det går an å få til noko liknande for industribygg òg, sa fylkesordøraren, som elles gav uttrykk for at han skjøna godt Strand sin frustrasjon i denne samanhengen.

Eit anna tema ein kom inn på var E39 og vegsambandet med Bergen. 

– Arbeidet med den nye Osvegen startar i haust, og arbeidet med Hordfast har me framleis som mål å få i gang i 2018. Kvar vegen skal krysse Langenuen vil bli avgjort innan eit år, sa fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, til slutt.