Ein del barn i øvrefeltet på Vestbøstad har dei siste tre dagane hatt salsbodar for å samla inn pengar til Redd Barna. Og ikkje berre det. Dei har òg inspirert andre til å gjere det same.

Engasjementet hos dei små var stort. Service og salsminded var dei òg. Det fekk Fitjarposten erfare då me var utom i ettermiddag. Me kjøpte oss nokre nydeleg gode kransekakebitar og fekk saft på kjøpet. 

– Me vil hjelpe fattige barn, kom det mest unisont frå dei då me spurde kvifor dei hadde halde på med dette i tre dagar.

Over 2000 kroner hadde denne gjengen så langt samla inn, og engasjementet og ideen deira tende altså andre barn til å gjere det same.

Alt i alt: Eit positivt initiativ som barna har all ære av.