Sigurd Andre Maraas (FrP). Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Varaordførar Sigurd Andre Maraas og Fitjar FrP vil stimulera til auka byggeaktivitet med sitt nyaste framlegg.

På formannskapsmøte i førre veke fremja Maraas på vegne av Fitjar FrP framlegg om at alle byggesaker som vert sendt inn i frå 1.mai og som vert ferdigmeldt innan utgangen av 2021 vert halvert.

– Gebyret skal krejast inn i sin heilhet, men halvparten vert tilbakebetalt når ferdigmelding er mottatt til kommunen.

Tiltaket skal vera mellombels tidsavgrensa, og målet er å stimulera og auka byggeaktiviteten i kommunen.

Formannskapet drøfta innspelet og ynskjer at rådmannen utgreier saka nærare før neste formannskapsmøte.