Arkivfoto: Ingrid Hovstad

– Dette er avgjerande for å skape framtidstru, evne og lyst til å satse i næringa, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkesutvalet, i høyringsinnspel til jordbruksforhandlingane, ber om auka investeringsstøtta til mjølkeproduksjon.

Fylkesutvalet har vedteke innspel til jordbruksforhandlingane der dei peikar på at landbruket i Vestland er viktig for matforsyninga i landet.

– Kumjølkproduksjonen står for over halvparten av verdiskapinga i jordbruket i Vestland. Større årleg ramme for investeringstilskot og høgare støtte for mindre mjølkebruk, er heilt avgjerande for at Vestland skal halde oppe sin relative del av mjølkeproduksjonen når lausdriftskravet blir gjeldande i 2034. Dette hastar det med å få på plass, understrekar Askeland.

Må doblast

I høyringsinnspelet meiner fylkesutvalet at investering- og bedriftsutvikling i mjølkeproduksjonen må doblast i høve til i dag. Det vil seie ei auka ramme på om lag 250 millionar kroner på landsplan per år. Den auka ramma må vere øyremerka omlegging til lausdrift i mjølkeproduksjonen. Fylka med størst del båsfjøs, må få størst del av ramma.

I høyringsinnspelet går det fram at maksimalt tilskot i kroner og prosent for fjøs med under 30 årskyr, må aukast for å gjere det mogleg for mindre bruk å bygge om til lausdrift.

Auka matproduksjon

I høyringsinnspelet krev fylkesutvalet ein nasjonal landbrukspolitikk som legg til rette for auka matproduksjon på eigne ressursar og auka verdiskaping i Norge. For å sikre at alt areal, inkludert beite, blir halde i hevd, må grunnlaget for dei små og mellomstore bruka i distrikta styrkast. Landbrukspolitikken må i større grad også ta i vare og fremje dei verdiane landbruket bidreg med, i tillegg til å produsere mat.

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) på Stord i 2019. Foto: privat

Viktig for lokalsamfunna

Askeland understrekar at den viktigaste oppgåva til jordbruket er å produsere mat. Aktiviteten gjev i tillegg grunnlag for arbeidsplassar både direkte og indirekte, skaper flotte kulturlandskap, opprettheld biologisk mangfald og bidreg til busetnad og dermed beredskap i heile Vestland.

– Landbruket i fylket er viktig for lokalsamfunnet, og gode lokalsamfunn er viktige for at folk skal busetje seg i distrikta våre og skape næringsaktivitet, seier fylkesordføraren.