Elevrådet ved Rimbareid badeskule synest det er gale at berre 2., 4., 6. og 8. klasse får ha bading når bassenget står der oppvarma og klart, dag etter dag.

-Me synest at alle elevane frå 2. til 7. klasse burde få bade. Det er ikkje alle som kan symja så godt, og alle i Fitjar er jo i båt om sommaren, understrekar dei.

Elevane veit at noko av årsaka til det magre tilbodet er manglande midlar til skyss for utkant-elevane, og at skuleleinga i kommunen synest det skal vera likt tilbod til alle.

-Me synest likevel ikkje det er rett at me ikkje får bada fordi om elevane frå Øvrebygda og Sælevik ikkje kan. Bassenget ligg på skulen vår, og utkantelevane kan gjere mykje som me ikkje kan gjere her på Rimbareid, seier dei.

Rektor Svein Kåre Meling er einig med at bading annankvart år ikkje er bra pedagogisk sett. Om elevane hadde fått bade kvart år frå 2. klasse, hadde det slik sett vore mykje betre. Det er viktig i ein kystkommune at alle lærer å symje.

Men han meiner at det heller ikkje er uforsvarleg slik det er no, og viser til avgjersla frå skuleleiinga i kommunen i denne saka.